Komiteen for Loendagane gledar seg til å gjennomføre eit arrangement som normalt. For årets messe har ein gjort nokre endringar på standområde ute, der ein har teke i bruk begge grusplassane. Det betyr og at standane er fordelt på dei to område mellom standane på asfalt og blir ein del større enn tidlegare år. Dette vonar ein er til det beste for både leverandørar og besøkande.
På fredag er det lagt opp til seminar for medlemar på dagtid:
Kl. 09.00 – 11.00 «Kom i gang med SmartMEF»
Kl. 11.00 – 16.00 «Juridisk seminar»
Meir informasjon om seminaret, og invitasjon til medlemane blir sendt ut i veke 35.
Programmet for laurdag er ikkje heilt i boks pr. i dag, bortsett frå at hovudstyrets leiar Øystein Hope og adm.dir i MEF, Julie Brodtkorb, kjem til Loen. Vi har invitert Samferdselsministeren utan vi pr. i dag veit om han kjem. I tillegg arbeider vi med å få med oss ein som kan halde eit humor/feelgood foredrag.
Invitasjon til leverandørane blei utsendt i juni månad og pr i dag er det påmeldt om lag 50 ulike leverandørar.
Påmeldingsfristen for leverandørane er utgått, men om ein leverandør ynskjer å delta, kan ein ta kontakt med Trine Løken Sandneseng på tls@mef.no.
Medlemane har fått invitasjon sendt på epost i juni. Det er plass til fleire medlemsbedrifter så det er berre å melde seg på. Frist søndag 4. september.
