Tilbake til alle artiklerAlle artikler
Publisert: 12-02-2021

Ny smittevernforskrift i Øygarden

Øygarden kommune gjorde vedtak om ei ny smittevernsforskrift for byggeplassar i Øygarden kommune torsdag kveld.

Til alle medlemsbedrifter i avdeling Nord Rogaland og Hordaland.

MEF og EBA har saman med fleire vore med i møte med kommunen i forkant av kommunalt vedtak for å kome med innspel på utforminga av forskrifta. Forskrifta er noko betre enn forskrifta for Bergen kommune, men uansett forutset det at ein skal sikre etterleving av Byggenæringens landsforening (BNL) sin bransjestandard om smittevern (utsend tidlegare).

Forskrifta definerer ein byggeplass som ein stad følgjande aktivitetar kor det er meir enn 5 arbeidarar (inkl. lærlingar) til stades samtidig, uavhengig kva for bedrift eller verksemd dei representerer. Den legg også til grunn at ein kan arbeide på andre prosjekt/byggeplass så lenge ein ikkje har vore på ein byggeplass der det er påvist sørafrikansk mutert virus (sjå §2)

§3 smittevernfagleg drift på byggeplass:

Byggeplassar skal sikre etterleving av Byggenæringens landsforening (BNL) sin bransjestandard om smittevern. Anbefalingar i standarden gjeld som påbod i denne forskrifta si verketid. Etterleving av bransjestandard skal kunne dokumenterast i form av planar og oppslag på arbeidsplassen

Det skal vere lett tilgjengeleg munnbind og handsprit på byggeplassen.

Arbeidarar skal sikre at det er minst 2 meter avstand til andre personar på byggeplassen. Når det er fare for at avstandskravet ikkje kan bli følgt, skal munnbind brukast.

Det skal førast liste over alle som har vore på byggeplassen, med oversikt over tidspunkt og dato. Lista skal utleverast til smittesporarar på førespurnad. Ansvarleg på arbeidsplassen skal aktivt bidra til å få kontakt med smitta, og bidra til at smitta personar og deira nærkontaktar har kunnskap om reglar knytt til karantene og isolasjon. Lista over arbeidarar må behandlast i tråd med GDPR.

Ved levering av varer skal avstands krava overhaldast -også til personell som leverer varene.

Arbeidsgivar er ansvarleg for at arbeidarar som får luftvegssymptom straks forlet arbeidsplassen. Hender skal spritast og munnbind tas påfør heimreise.

Arbeidstakaren blir oppfordra til straks å la seg covid-19-testemed PCR-test.

Dei har definert i §2 at ein byggeplass som ein stad følgjande aktivitetar kor det er meir enn 5 arbeidarar (inkl. lærlingar) til stades samtidig, uavhengig kva for bedrift eller verksemd dei representerer:

  1. oppføring av bygningar
  2. innreiings-, utsmykkings- og installasjonsarbeid
  3. montering og demontering av prefabrikkerte element
  4. riving, demontering, ombygging og istandsetjing
  5. sanering og vedlikehaldsarbeid
  6. alminneleg anleggsverksemd
  7. graving, sprenging og anna grunnarbeid
  8. anna arbeid som blir utført i til knytning til bygge-eller anleggsarbeid

§5 Kven som kan vere til stadespå byggeplassen.

Talet på personar som er til stades på byggeplassen skal avgrensast til det talet på personar som er heilt nødvendig for drifta.

Om ein person har jobba på byggeplass i ein kommune med påvist sørafrikansk mutert virus på byggeplass og skal jobbe på byggeplass i Øygarden kommune, blir det stilt krav om negativ covid-19-PCR-test som ikkje er eldre enn 24 timar før oppstart av arbeid i Øygarden kommune. Vidare blir det stilt krav om negativ PCR-test kvar tredje dag inntil 14 dagar etter arbeid på byggeplass i kommune med påvist sørafrikansk mutert virus på byggeplass.

Alle som er på byggeplassen skal følgje Bransjestandard om smittevern for BNL sinemedlemsbedrifter.