Tilbake til alle artiklerAlle artikler
Publisert: 5-07-2020

Ledig stilling i Region Vest

Vi søkjer etter fagrådgjevar til vårt kontor i Bergen. Søk innan 14.august.

Stillinga inngår i MEF Region vest som består av fylka Nord Rogaland og Vestland med regionskontor i Bergen, samt to opplæringskontor (OKAB), eit for Nord Rogaland og Hordaland, og eit for Sogn og Fjordane.

Stillinga er utfordrande og gjev gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen. Den set krav til sjølvstendigheit, samarbeidsevne og fleksibilitet, og vi ser etter deg som er omgjengeleg, løysingsorientert og er ein god relasjonsbyggar.

Stillinga rapporterer til regionsjef. I samarbeid med servicekontoret i Oslo vil du vere eit viktig kontaktledd til offentlege myndigheiter, oppdragsgjevarar og skuleverket.

Arbeidsoppgåver

  • Tett kontakt med og oppfølging av medlemsbedriftene.
  • Ivareta medlemmanes interesser gjennom rådgjeving innan arbeidsgjevarspørsmål, bruk av bransjen standardar, kontraktforståing, helse miljø og sikkerheit (HMS), anleggsteknikk, drift og vedlikehald, vatn og avlaup (VA) med meir.
  • Ansvarsområde vil variere avhengig av kandidatens kompetanse og interessefelt/fagområde.
  • Planlegging og gjennomføring av medlemsmøte, seminar, fagsamlingar og kurs
  • Ta initiativ og følgje opp næringspolitiske saker som er viktige for medlemsbedriftene.
  • Kontakt med offentlege og private byggherrar, politikarar, andre bransjeforeiningar.
  • Tilrettelegging for og halde kurs i regi av MEF- skulen innan anleggs- og bergverksfaga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Dyktig og samarbeidsvillig person med relevant utdanning frå ingeniørhøgskule eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kan erstatte formelle krav til utdanning.
  • Sjølvstendig og strukturert og samtidig ein god, fleksibel teamarbeidar.
  • Resultatorientert, utåtvend, initiativrik og tillitsvekkande.
  • Bransjeerfaring frå eitt eller fleire fagområde som anleggsteknikk, drift og vedlikehald, vatn og avlaup (VA), gjerne med erfaring frå rådgjevar eller byggherremiljøet.
  • Interesse/kunnskap om digitalisering, klima og miljø, arbeidslivskriminalitet eller prosjektstyring
  • Forelesarerfaring

For stillinga gjeld:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gruppeliv, pensjon og helseforsikring
  • Telefon- og bilordning
  • Fagleg utvikling
  • Reise og møteverksemd utanfor ordinær arbeidstid
  • Kontorstad: Bergen
  • Tilbod om opplæring og kurs
Trivast du med ein aktiv og variert arbeidsdag i kontakt med andre? Då er dette truleg jobben for deg!

For nærmare opplysningar kontakt regionsjef Paul Olaf Baraas, tlf. 906 22 087.

Skriftleg søknad med CV merka «Fagrådgjevar» sendast innan 14.08.20 til firmapost@mef.no.