Tilbake til alle artiklerAlle artikler

Ei forseinka krise?

Innlegg skrevet av regionsjef Paul Olaf Baraas. Dei negative effektane av koronapandemien vil treffe dei ulike delane av norsk næringsliv ulikt. I anleggsbransjen kan hausten bli tung dersom ikkje oppdragsmengda tek seg opp.

Publisert: 26-05-2020
Ei forseinka krise?

Anleggsentreprenørane har dei siste månadane gjort ein kjempe innsats for å sikre forsvarleg drift i pågåande prosjekt. Mange har klart å halde folk i arbeid, men smittevernstiltaka og redusert produksjon har påført bedriftene betydelege kostnadar.

I ei undersøking som nyleg er gjennomført blant 874 entreprenørar oppgjev 56 prosent at pandemien og smittevernstiltaka har medført negative økonomiske konsekvensar for eiga verksemd. I om lag alle tilfella er dette kostnadar som entreprenørane har måtte dekka sjølv. Oppdragsgjevarsida har ikkje ynskt å ta sin del av denne rekninga.

I same undersøking viser at det er stor usikkerheit i kring oppdragsmengda i anleggsbransjen utover hausten; 34 prosent av entreprenørane beskriv eigen oppdragsmengd som, «dårleg»/»svært dårleg» og 13 prosent vurdera nedbemanning.

Ein av hovudgrunnane til denne usikkerheita er låg aktivitet i kommunal sektor i løpet av dei siste månadane. Kun fire prosent av entreprenørane svarar at kommunane og fylkeskommunane har utlyst fleire anbod i år samanlikna med i fjor. I ei tid der vi treng at offentlege oppdragsgjevarar skapar aktivitet, skjer dessverre det motsette. Frå kommunal og fylkeskommunal sektor er tilbakemeldingane av uvissheit omkring eigne koronakostnadar gjer til at bygg- og anleggsprosjekt blir sette på vent.

Vestland fylkeskommune syner førebelse prognosar eit underskot på over 700 millionar kroner. I tillegg kjem underskota til mange andre kommunar i regionen som samla truleg er på nokre hundre millionar kroner.

Ein kombinasjon av redusert oppdragsmengd og kostnadsauke vil kunne føre til tap av arbeidsplassar og konkursar. Vi er i ein fastlåst situasjon der entreprenørane blir den tapande part. Det fortel oss at krisepakkane frå Stortinget til no ikkje har treft godt nok.

Politikarane kan løyse denne floka ved å kome med tiltak som gjev auka aktivitet, som ekstraløyvingar eller garantiar til kommunar og fylkeskommunane. I tillegg må statlege oppdragsgjevarar få økonomiske rammer som gjer dei i stand til å dekke delar av meirkostnadane til entreprenørane.

Disse tiltaka vil vere med å sikre arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta, samtidig som vi kan redusert de store vedlikehaldsetterslepet på offentleg infrastruktur. Det no politikarane må vise handlekraft!

Paul Olaf Baraas
Regionsjef MEF, region Vest

Relaterte nyheter

Thumbnail for article "MEF i høringer"
Thumbnail for article "Vi trenger dine svar"
Thumbnail for article "Statsbudsjettet 2026: Tapt mulighet til å bygge landet"