Tilbake til alle artiklerAlle artikler

Aukar omsetningskravet for biodrivstoff

Regjeringa aukar omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk og delkravet til avansert biodrivstoff.

Publisert: 23-06-2020
Aukar omsetningskravet for biodrivstoff

Regjeringa aukar omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk frå 20 prosent til 22,3 prosent frå 1. juli 2020. Samstundes blir delkravet til avansert biodrivstoff auka til frå 4 prosent til 6,1 prosent.

Dei totale avgiftane for diesel fra 1. juli blir som følgande:

Veibruksavgift 100%: 3,620 kr/l
CO2-avgift 83,85%: 1,216 kr/l
Total avgift: 4,836 kr/l

Regjeringa varslar at den vil auke omsetningskravet ytterlegare frå 1. januar neste år. Dette kjem regjeringa tilbake til i samband med budsjettet for 2021.

Omsetnadstala for biodrivstoff i 2019 viste at salet av avansert biodrivstoff auka med omlag 40 millionar liter frå 2018, men tala viste også at salet av biodrivstoff frå palmeolje auka frå om lag 93 millionar liter i 2018 til 111 millionar liter i 2019. Når omsetningskravet skal bli trappa opp frå 1. januar, vil omsynet til å avgrense biodrivstoff med høg avskogingsrisiko vere ein del av vurderinga.

Endringane blir forskriftsfesta så snart som mogeleg.

Forskrift om endring fra Lovdata.no.

Les meir om høyringa på Regjeringen.no her.

Relaterte nyheter

Thumbnail for article "Vi trenger dine svar"
Thumbnail for article "Premiere av Anleggspraten"
Thumbnail for article "Et enklere Norge"